Kontinent (frå latin terra continens, 'samanhengjande land') er ei nemning på eit stort, samanhengjande landområde. Dei byggjer meir på fysiske geografiske skilje enn verdsdelar, som har meir kulturell og historisk bakgrunn.

Kontinent på jorda avmerkte med farge. ██ Eurasia ██ Afrika ██ Nord-Amerika ██ Sør-Amerika ██ Antarktika ██ Australia
Animasjon som viser korleis dei noverande kontinenta opsptod.

Det finst ulike måtar å dela jorda inn i kontinent på. Ei vanleg inndeling er Afrika, Eurasia, Amerika, Antarktika og Australia.[1] Ein kan definera mindre kontinent, som Amerika delt inn i Nord- og Sør-Amerika, eller større, som Afrika-Eurasia, der den samanhengjande landmassen til Afrika og Eurasia blir kombinert til eitt kontinent.

Fleire av kontinenta ligg hovudsakleg på ei eiga kontinentalplate, som den eurasiske plata eller den antarktiske plata. Delar kan likevel høyra til andre plater. Det indiske subkontinentet ligg til dømes på den australske plata, men heng saman med det eurasiske kontinentet på landjorda og er dermed rekna som ein del av dette.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kontinent
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.