Polyakrylamid
kjemisk sambinding
Polyakrylamid er ein vassløyseleg polymer frå amidet til akrylsyre (akrylamid). Han vert nytta mellom anna som fortjukkingsmiddel, som flokkuleringsmiddel ved vassreinsing og i form av vasshaldige gelar (fornetta kopolymerar av akrylamid) til fråskiljing av biologiske stoff som til dømes protein med gelelektroforese. Vatn fortjukna med delvis hydrolysert polyakrylamid kan i einskilde tilfelle nyttast til innsprøyting i oljereservoar for å auka oljeutvinningsgraden. Polyakrylamid vert òg nytta som tetningsstoff ved vassinntrenging i tunnelar og liknande.
Kjelder
endre«polyakrylamid» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 12. november 2016.