Polymorfisme i biologien

Polymorfisme i biologien er det at to eller fleire klart ulike typar utsjånadar, fenotypar, finst i same populasjonen av ein art. Med andre ord, det førekjem meir enn éi form eller éin morf. Ei slik klassifisering har berre gildskap når morfane finst innanfor same habitatet til same tida og høyrer til ein og same populasjon med paring tilfeldig og uavhengig av morfane.

Flekka jaguar
Svart jaguar
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Kjelder

endre