Polytonalitet er bruken av fleire toneartar samstundes innan musikk. Når det er snakk om akkurat to toneartar samstundes, nyttar ein ofte nemninga bitonalitet. Eit velkjent eksempel på dette finn ein i balletten Petrusjka av Igor Stravinskij. I den andre delen blir det spelt ein fanfare der fyrsteklarinetten speler ein melodi på tonane i ein C-durakkord, medan andreklarinetten speler den same melodien på tonane i ein F#-durakkord. Her let det dissonerande, men polytonalitet kan i andre tilfelle òg konsonera.

Mozart nytta polytonalitet på ein komisk måte i Ein Musikalischer Spaß. Seinare i musikkhistoria blei polytonalitet eit viktig og seriøst verkemiddel spel

Kjelde

endre