Mozart er slektsnamnet til ein tysk-austerriksk musikarfamilie der det mest kjende medlemmen var Wolfgang Amadeus Mozart. Sjølve namnet stammer frå Schwaben der det blei skrive Motzhart. Det kan anten tyda skite menneske eller myrete skog.

Far Leopold Mozart og ungane framfor eit portrett av den avdøde mora deira.

Komponisten og fiolinisten Leopold Mozart (1719-87) var den første musikaren i slekta. Han var fødd i Augsburg og kom frå ei gammal handverkarslekt. Som musikar gjorde han stor suksess og blei tilsett som hoffkomponist i Salzburg.

Barna hans, Wolfgang Amadeus Mozart (1756-91) og Maria Anna Mozart (1751-1829), fekk musikkundervising av faren frå svært ung alder. Dei to drog rundt på turnear som "vedunderbarn" over heile Europa. Medan Wolfgang Amadeus blei ein av dei fremste komponistane i musikkhistoria, fekk syster Nannerl, som var ein talentfull pianist, forbod mot å spela utanfor heimen frå slutten av tenåra.

Sonen til Wolfgang Amadeus, Franz Xaver Wolfgang Mozart (1791-1844), blei og pianist og komponist, men kunne aldri måla seg med faren.

Kjelder endre