Pompadur er ei poseforma dameveske som vanlegvis er sydd av tøy og rynka saman øvst med snor eller band. Veska kom på moten i siste delen av 1700-talet. Ho er kalla opp av markisa av Pompadour, ei fransk hoffkvinne og offisiell kongeleg elskarinne, som var ein trendsetjar i rokokkotida. Pompadurar var laga av silketøy med blomstermønster som også hadde fått namn etter henne.

Kvit silkepompadur med blomar, no ved Norsk Folkemuseum.
Måleri av madame de Pompadour i blomstra silkekjole.

Døme endre

Kjelder endre

  • Pompadur (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 30. november 2013.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pompadur