Popina er ei øy i Romania i den nordlege delen av Razelmsjøen. Øya har ein storleik på 0,98 km² og er verna som eit reservat. Øya er eit viktig hekkeområde for gravand. Razelmsjøen er den største vassflata i Donaudeltaet, og er skild frå Svartehavet av to lange sanddyner og renn ut i innsjøen Goloviţa.

Dyreliv endre

Popina er ein viktig stoppestad for trekkfuglar og hekkestad for gravand (Tadorna tadorna). Om våren kan ein finne myr- og skogsfuglar her som nattergal, kaldenderlerke og andre. Av virvellause dyr finn ein sjeldne artar som den europeiske svarte enka (Latrodectus tredecimguttatus) og ein svær tusenbein (Scolopendra cingulata).

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre