Opna hovudmenyen

Port Royal (i dag Annapolis Royal) var ein gong hovudstaden i Acadia og er i dag eit lite landleg samfunn på vestsida av den kanadiske provinsen Nova Scotia. Først låg Port Royal på nordsida av Annapolis Basin i Nova Scotia, der det i dag er reist ein rekonstruksjon av den originale busetjinga i Port-Royal. Etter at staden vart øydelagd (1613), vart Port Royal bygd opp att på sørsida. Britane gav staden namnet Annapolis Royal etter at dei erobra Acadia (1710).

Port Royal i Nova Scotia
by
Port-Royal Nova-Scotia 1.jpg
Wikimedia Commons: Port Royal, Nova Scotia
Port Royal i Nova Scotia is located in Canada Nova Scotia
Port Royal i Nova Scotia

Port Royal vart grunnlagd av Pierre Dugua, Sieur de Mons og Samuel de Champlain i 1605. Landsbyen var den første permanente europeiske busetnaden nord for St. Augustine i Florida. (to år seinare, hadde engelskmennene grunnlagd sin første permanente busetnad i Jamestown i Virginia.) Om lag 75 år etter at Port Royal vart grunnlagd, migrerte akadiarane frå hovudstaden og oppretta det som vart ein andre store akadisk busetnader før utkastinga av akadiarane: Grand Pré, Chignecto, Cobequid og Pisiguit.

Før Halifax vart grunnlagd i 1749, var Port Royal/Annapolis Royal hovudstad i Acadia og seinare Nova Scotia i det meste av dei førre 150 åra. I løpet av den tida prøvde britane seks gonger å erobre Acadia med å ta hovudstaden. Dei klarte omsider å slå franskmennene i omleiringa av Port Royal i 1710. Dei neste 50 åra prøvde franskmennene og deira allierte å ta attende hovudstaden utan å lukkast.

Inkludert raidet som skjedde under den amerikanske sjølvstendekrigen, opplevde Port Royal/Annapolis Royal totalt 13 åtak, meir enn nokon annan stad i Nord-Amerika.[1]

KjelderEndra

  1. Brenda Dunn. A History of Port Royal, Annapolis Royal: 1605-1800. Nimbus Publishing, 2004. s. viii

Koordinatar: 44°42′40″N 65°36′36″W