Omleiringa av Port Royal i 1710
Omleiringa av Port Royal (5. til 13. oktober 1710), òg kjend som erobringa av Acadia, vart utført av britiske soldatar og provinsstyrkar under Francis Nicholson mot ein fransk garnison i Acadia kommandert av Daniel d'Auger de Subercase, i den acadiske hovudstaden Port Royal. Den vellukka britiske omleiringa markerte byrjinga på den permanente britiske kontrollen over halvøy-området av Acadia, som dei gav namnet Nova Scotia, og det var første gongen britane tok og klarte å halde på ein fransk koloni.[4] Etter at franskmennene overgav seg okkuperte britane fortet i hovudstaden og feire at dei hadde erobra ei av dei største festningane i Europa.[5] Dei gav staden det nye namnet Annapolis Royal.
Omleiringa av Port Royal | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Dronning Anne-krigen | |||||||
Fort Anne (Port Royal) 1710 | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Storbritannia Irokesarane |
Frankrike Mi'kmaq Abenaki | ||||||
Kommandantar | |||||||
Francis Nicholson | Daniel d'Auger de Subercase | ||||||
Styrkar | |||||||
kring 2 000[2][3] | færre enn 300[2] | ||||||
Tap | |||||||
ukjend | ukjend |
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec |
Omleiringa var det tredje forsøket til britane under Dronning Anne-krigen på å erobre den akadiske hovudstaden, og det fekk store følgjer for dei neste 50 åra. Erobringa var eit nøkkelelement i forhandlingane mellom Frankrike og Storbritannia i 1711-1713 om saker i Nord-Amerika. Det førte til at den nye kolonien Nova Scotia vart oppretta, og førte til stor uro om lagnaden til både akadiarane og mi'kmaq-folket, som framleis budde i Acadia.[6]
Erobringa av Acadia var eit særs viktig element i historia til dei kanadiske statane - det skjedde før britane erobra Louisbourg og Quebec, og varsla slutten for den franske makta i Nord-Amerika meir generelt.[7]
Kjelder
endre- ↑ Peckham, s. 84
- ↑ 2,0 2,1 Griffiths, s. 234
- ↑ Drake, s. 259
- ↑ I følgje historikaren John Grenier, hadde engelskmennene før 1710 berre raida, plyndra og okkupert franske koloniar i kortare periodar. Andre engelske territorium tok frå indianarane.(Grenier, s. 12)
- ↑ Grenier, s. 15
- ↑ Reid et al, s. x
- ↑ McKay, Ian and Bates, Robin. In the Province of History: The Making of the Public Past in Twentieth-Century Nova Scotia. McGill-Queen's University Press. 2010. s. 78.
- Denne artikkelen bygger på «Siege of Port Royal (1710)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Drake, Samuel Adams (1910) [1897]. The Border Wars of New England. New York: C. Scribner's Sons. OCLC 2358736.
- Grenier, John (2008). The Far Reaches of Rike: War in Nova Scotia, 1710–1760. Norman, Oklahoma: Oklahoma University Press. ISBN 9780806138763. OCLC 159919395.
- Griffiths, Naomi Elizabeth Saundaus (2005). From Migrant to Acadian: a North American Border People, 1604–1755. Montreal: McGill-Queen's University Press. ISBN 9780773526990. OCLC 180773040.
- Peckham, Howard (1964). The Colonial Wars, 1689–1762. Chicago: University of Chicago Press. OCLC 1175484.