Post mortem
Wikimedia-fleirtydingsside
Post mortem, frå latin: etter døden, er eit uttrykk som har fire hovudtydingar:
- Ved tildeling av heider. Når heidersteikn blir delt ut post mortem, så blir i praksis heidersteiknet eller medaljen overrekt til den avdøde si næraste familie.
- Juridisk: oppreising for ei feilaktig strafferettsleg domsavgjerd. Frikjenning post mortem (Reinvasking av ein avdød sitt rykte).
- I samband med rettsmedisinske undersøkingar: Skader på offeret som har skjedd etter at offeret døydde.
- Alminneleg, engelsk kortform av post mortem examination, (engelsk: autopsy / norsk: autopsi), likskue eller obduksjon.
Innan medisin og kriminologi blir også det latinske uttrykket «ante mortem» - før døden - brukt.