Postordresal

Postordresal er fjernsal der varene blir levert via postvesenet.

Amerikansk frimerke frå 1972 til minne om hundre år med postordresal.

Kundane bestiller varene via postordrekatalogar, annonsar eller anna marknadsføring, og får varene sende heim til seg via posten. Mykje av dette salet er etterkvart gått over til Internett (elektronisk handel) frå det gamle katalogsalet.

Postordresal i NoregEndra

Angrerettlova gjeld ved postordresal.[1][2]

Store aktørar innan postordresal i Noreg har vore firma som Ellos, Hennes & Mauritz, Spar Kjøp, Biltema, Clas Ohlson, Haugen Bok og Ikea. Somme av desse har etter kvart også auka talet på butikkutsal, til konkurranse med eige postordresal.

Postordre har til dels også hatt eit frynsete rykte, då her har vore ein del useriøse selskap som har nytta seg av denne salsmetoden. Kundane har opplevd problem med varer som ikkje har vore som omtalt i katalogen, med manglar, reklamasjonar og tilbakelevering, og selskap som forsvinn og dukkar opp igjen med nye namn.

KjelderEndra