Potethus (engelsk potato house) er ein bygning laga for å lagra innhausta poteter eller søtpoteter.

Phillips Potato House i Delaware

Søtpotetbygningar var særleg vanlege i Sussex County i Delaware og nærliggande delar av Delaware og i Maryland tidleg på 1900-talet, då produksjonen av denne grønsaken var på sitt største lokalt.

Liknande bygningar blei også bygde i Maine for å lagra poteter.[1]

Delaware

endre

Potethusa i Delaware var typisk to-etasjes trerammestrukturar, med høge og smale proporsjonar. Dei blei varma opp om vinteren med kol- eller vedomn. Poteter blei lagra frå oktober til februar, og krev ein konstant temperatur på 10 grader Celsius. Potethusa blei bygde for å gje fri sirkulasjon av luft rundt den lagra avlinga, nokre gangar ved bruk av hol mellom kassane og ytterveggene eller på golvnivå. Dei høge, smale proporsjonane til husa oppmuntra til sirkulasjon. Vindauge sat vanlegvis øvst i huset for å tillata ventilasjon om temperaturen steig for høgt. Fleire lag veggdekke, bruk av kolofoniumpapir for tetting mot trekk, og nokre gangar bruk av sagflis som isolasjon var andre tiltak for å sikra avlinga.[2]

Generelt var potethus to etasjar høge med gavltak som låg på linje med langaksen. Inngangane var gjennom gavlendane, med dører i første og andre etasje framme og med eit loftsvindauge for ventilasjon i gavlane. Baksida hadde vanlegvis ei dør i første etasje og vindauge i andre etasje ved gavlen. Sidene var generelt enkle, med skodder ved vindauge eller dører. Medan to-etasjes høgder var typiske, fanst det hus med 1-1 / 2 til tre etasjar.[2]

Dei fleste potethus er rivne eller er blitt omgjort til annan bruk. Fleire potethus som er att er oppførte på National Register of Historic Places.[2]

Maine

endre

Då dyrkinga av poteter breidde om seg rundt den øvre delen av Saint John-elva, lagra ein hausta poteter i tilpassa låvar, vanlegvis låge Acadian-låver, eller i kjellarane i husa. Meir intens dyrking førte til at ein hadde fleire trekkdyr, og gav endringar i fjøs og lagring. Spesialbygde potetfjøs blei bygde inn i åssidene, ideelt nær ein jernbane for enkel transport.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Barns & Potato House». Acadian Culture in Maine. University of Maine at Fort Kent. Henta 7. september 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Quinn, Judith (23. desember 1987). «National Register of Historic Places Multiple Property Documentation Form: Sweet Potato Houses f Sussex County, Delaware». National Park Service. Henta 25. oktober 2011.