Potetkrigen
Potetkrigen var eit fleire dagar langt matopprør i Bergen i august 1868. Folk i Bergen protesterte mot høge potetprisar og politiet mista kontrollen over situasjonen. Til slutt vart borgarbevæpninga og militæret mobiliserte for å kue opprøret. Borgarbevæpninga var ute av stand til å yte nemneverdig innsats, men militæret klarte med bajonettangrep å oppløyse mengdene. Dei omleira byen i ei knapp veke. Dette var siste gong militære vart sett inn mot sivile i Bergen i fredstid. Potetkrigen har vore sett på som den første sjølvstendige opptreden til arbeidarklassen i Bergen, men den framveksande industriarbeidarklassa deltok i mindre grad. Derimot var deltakinga stor blant unge og andre med meir lausleg tilknyting til arbeidsmarknaden, mange av dei rusa.
Bakgrunnsstoff
endre- Ottar Strømme: Våpen mot folket - I tilfelle opprør. Det norske militærapparatet fra 1814 til 1905. Oktober forlag, 1979.
- Lars Borgersrud: Konspirasjon og kapitulasjon. Nytt lys på forsvarshistorien fra 1814 til 1940, Oktober forlag 2000.
- Frode Ulvund: Det var Opkjøberiets Skyld – og saa en liden Smule Fyld. Potetkrigen i Bergen 1868. Historisk institutt, UiB, 2003. I fulltekst i Bora