Potetsorten Laila
Laila er ein halvtidleg potetsort som er mykje seld i Noreg. Potetene er ovale med rosa skal og ein svak gulfarge inni. Kokte poteter av denne typen har god smak, særleg tidleg på hausten. Poteta er godt eigna i gryterettar og supper, og noko mindre eigna som bakt potet.