Gul er ein primærfarge, og komplementærfarge til lilla. Den gule delen av fargespekteret reknar ein om lag frå 570 til 600 nanometer bølgjelengde. På grunn av tradisjonelle fargestoffa brukte innan målarkunst blei han tradisjonelt sett på som komplementær til lilla. I estetikken reknar ein gult til dei varme fargene.

Gul
 

Spektrale koordinatar
Bølgjelengd575–585[1] nm
Frekvens521–512 THz
HTML-farge#FFFF00
sRGBB  (rgb)(255, 255, 0)
CMYKH   (c, m, y, k)(0, 0, 100, 0)
HSV       (h, s, v)(60°, 100%, 100%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Gule blomar på forsythia.

Symbolikk endre

Fargen minner om gull og står då òg for denne valøren innan heraldikken. Han har lenge vore eit symbol på rikdom og lukke i Austen. Mellom anna stod han for den kinesiske keisarfamilien, og det var forbode for vanlege folk å bera gule klede. I Sør-Asia blir gult i form av gurkemeie brukt i religiøse ritual for å bringa lukke, og buddhistiske munkar kler seg ofte i gulfarga klede.

Men gult kan òg stå for negative ting. Det er hudfargen til ein som har gulsott, og kan stå for feigskap. Det er òg fargen til galle.

I arabisk kultur kan eit «gult smil» vera eit uekte smil som anten blir brukt for å skjula ekte kjensler, eller for å visa at ein spøk eller liknande ikkje var særleg morosam.

Gult var forbunde med Kina på grunn av keisarsambandet og fordi ein meinte menneske frå Aust-Asia hadde gul hudfarge. Det rasistiske omgrepet «den gule fare» viste til frykta ein hadde for menneske derfrå på 1800-talet og seinare. Også i dag blir «guling» brukt som eit rasistisk eller humoristisk omgrep om austasiatar.

I den kristne delen av verda har gult nært samband med påske.

Signalgult endre

 
Gul kvefs på eit eple.
 
Synlege drosjar i New York.

Gult blir ofte brukt som signalfarge, både i naturen og blant menneska. Mange insekt blir tiltrekte av fargen fordi mange blomar er gule. Ein del dyr er på den andre sida gulfarga for å signalisera fare, som at dei er giftige eller kan stikka.

Ein bruker gult i trafikken. I trafikklys tyder det gjerne «vent» eller «gjer deg klar», medan det på jarnbanesporet tyder «køyr sakte». Nokre stader er drosjane gule for å fanga merksemd. Praksisen skal ha starta i Chicago då ein drosjeeigar fann ut at gult er den fargen menneska ser best over avstand. På same måte blir skarpt gult brukt på vestar og andre klede som skal gjera folk synlege.

Namn på gult endre

norsk er gul berre namnet på ein farge, me veit ikkje kvar det kjem frå. På nokre andre språk er namnet avleia frå noko som er gult. Dette gjeld til dømes maori, der fargen har fått namn etter kowhaiblomen, og tamil, der gul er kalla opp etter det gule krydderet gurkemeie.

Sjå òg endre

Kjelder endre