Préveza

Préveza
Lokalt namn Πρέβεζα
Geografi
2011 Dimos Prevezas.png
Stad Ípiros
Koordinatar 38°57′N 20°44′EKoordinatar: 38°57′N 20°44′E
Areal 381,6 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Ípiros
Préveza
Hovudsete Préveza (19 042 innb.)
Demografi
Folketal 31 733 (2011[1])
Folketettleik 83,4 /km²

Préveza (gresk Πρέβεζα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Ípiros i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga. Préveza ligg nær den vestlege delen av Ártabukta. Ruinane av den antikke byen Nikópolis ligg 5 km nord for byen.

Préveza var åstad for slaget ved Préveza i 1538, der den mindretallige tyrkiske flåten til Barbarossa slo Andrea Doria.

Administrativ inndelingEndra

 
Den tidlegare kommunen Préveza, no kommunaleininga Préveza

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 31 733 innbyggjarar, medan kommunaleininga Préveza hadde 22 853 og tettstaden med same namn 19 042 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstaderEndra

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Préveza Préveza 19 042
Loúros Loúros 1 938
Néos Oropós Loúros 1 304
Mýtikas Préveza 1 142
Psatháki Préveza 930
Kanáli Zálongo 907
Néa Sampsoúnda Zálongo 570
Néa Sinópi Zálongo 533

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
  2. Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. november 2010, henta 22. november 2010 

KjeldeEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.