Prøver af Landsmaalet i Norge
Prøver af Landsmaalet i Norge er ei bok av Ivar Aasen. Ho kom ut første gong i juni 1853. Boka, som var på 120 sider var delt i to hovuddelar: «Prøver af enkelte Bygdemal» med tekstar frå 20 ulike dialektar, og «Prøver af almindeligt Landsmaal» med 16 tekstar på standardisert landsmål i ulike sjangrar. Først i boka skriv Aasen ein fortale.
Det meste av stoffet er innsamla mellom 1842 og 1851.[1] I landsmåldelen kjem han for første gong med framlegg til ein skriftnormal i praksis. Denne endra han lite seinare.[2][3]
Utgåver
endre- Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)
- Prøver af Landsmaalet i Norge (1899)
- Prøver av Landsmålet i Noreg (Vestanbok Forlag 1985)
Kjelder
endre- Magne Myhren: Prøver af Landsmaalet i Prøver av Landsmålet i Noreg. Vestanbok Forlag, 1985.
- Stephen J. Walton: Innleiing i Om grunnlaget for norsk målreising. Vestanbok Forlag, 1984.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
endrePrøver af Landsmaalet i Norge på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- Ivar Aasen (1853). Prøver af landsmaalet i Norge. Christiania: Werner.
- Ivar Aasen (1899). Prøver af landsmaalet i Norge (2. utg.). Christiania: Cammermeyer.
- Ivar Aasen (1985). Prøver av landsmålet i Noreg. Voss: Vestanbok forlag. ISBN 8290622007. [Ved Johannes Gjerdåker]