Wikisource
Wikisource er eit Wikimedia-prosjekt som tilbyr frie digitaliserte kjeldetekstar på ulike språk. Prosjektet inneheld hovudsakleg originaltekstar, men òg ein del brukarlaga omsetjingar.
Wikisource blei starta i 2003 og blei etterkvart delt i utgåver med ulike kjeldespråk. Først ute var hebraisk, i august 2004, som med eige skriftsystem skrive frå høgre mot venstre hadde særskilde tekniske krav. Prosjektet blei endeleg delt opp i ulike språk i 2005. Det norske Wikisource-prosjektet blei starta i juni 2006 og kalla Wikikilden.
I juni 2011 hadde det engelske Wikisource-prosjektet over 200 000 tekstar. Det var eitt av tre prosjekt med over 100 000 sider; dei andre to var det russiske og det japanske prosjektet. Norske Wikikilden hadde over 900 tekstar.
BakgrunnsstoffEndra
- Hovudside for alle Wikisource-prosjektar
- Wikikilden på norsk
- Wikisource på svensk
- Wikisource på dansk
- Wikisource på engelsk
- Wikisource på tysk
- Wikisource på fransk
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Wikisource» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juni 2011.
- Hva er Wikikilden? ved Wikikilden, vitja 23. juni 2011
- wikisource.org, vitja 23. juni 2011