Pretor

(Omdirigert frå Praetor)

Pretor (or latin praetor, «den som går i spissen») var eit embete i Romarriket. Opphavleg var pretor namnet på dei to romerske hærførarane, men frå 367 f.Kr. var det tittelen på embetsmenn som leidde rettsstellet og stod nærast konsulen i rang. Frå 250 skifta bypretoren (praetor urbanus) rett mellom romerske borgarar, medan den såkalla framandpretoren (praetor peregrinus) var ansvarleg for tingingane når ein av partane ikkje var romersk borgar.[1]

Med tida auka talet på pretorar og verkeområdet deira vart utvida. Då dei første provinsane vart hærtekne og organiserte, vart spesielle pretorar utnemnd for å styre dei. Seinare vart det slik at pretorar etter endt embetsperiode i Roma vart sendt til provinsane som propretorar.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Fuchs, J.W. (1999). Antikkleksikonet. Aschehoug i samarbeid med Fondet for Thorleif Dahls kulturbibliotek og Det norske akademi for sprog og litteratur. s. 212. ISBN 8203178405.