Preus museum

(Omdirigert frå Preus Museum)

Preus museum er det nasjonale museet for fotografi i Norge som ligg i Horten i Vestfold fylke. Museet er ein sentral utstillingsstad for norsk fotografi.

Preus museum i Horten
Foto: Andreas Harvik

Museet vart opphavleg grunnlagt av Leif Preus, og opna i Langgata i Horten i 1976. Heilt frå starten hadde museet ei omfattande fototeknisk samling med oversyn over fotohistoria i Europa. Etter berre eitt års drift, i 1977, fekk museet European Museum of The Year Award. Det var det første norske museet som vann denne prisen.

Museet var drive privat fram til 1995, då Staten kjøpte museet med tanke på å grunnleggje eit nasjonalt museum for fotografi. Preus var sjølv direktør for museet frå 1994 til 1998.

I 2001 flytte museet til Karljohansvern utanfor Horten.

Marinemuseet ligg i etasjane under Preus museum. Bygget, som tidlegare var proviantlager for Den norske marinen, er frå 1860-talet og blei tilpassa museumsformål i 2001 av arkitekt Sverre Fehn. Det er i dag Nasjonale Festningsverk som eig sjølve bygnaden.

Samlingane til museet består av norsk og internasjonalt fotografi, fotoalbum og diverse andre former for bilete, kamera og andre tekniske gjenstandar som kaster lys over utviklinga til fotografiet. Preus museum husar også eit fagbibliotek og har ein fotokonservator som arbeidar med behandling og bevaring av fotografisk materiale.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre