Prevlaka
- For halvøya i Kroatia, sjå Prevlakahalvøya
Prevlaka er ei øy i Adriahavet i kommunen Tivat i Montenegro.
Ho ligg nær byen Tivar i Kotorbukta. Øya er 300 meter lang og 200 meter brei og er forbunde til fastlandet via ei smal landfylling.
Øya var bustaden til metropolitten i Zeta bispedøme frå 1200-talet til 1400-talet. Ho var ein feriestad for militært personell og stengd for vanlege borgarar under sosialisttida i Jugoslavia. I dag er øya busett av om lag hundre menneske, som hovudsakleg bur i bungalower.
Prevlaka må ikkje forvekslast med Prevlakahalvøya som òg ligg i Kotorbukta, men som høyrer til Kroatia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Prevlaka Island» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2008.