Prinsesse Astrid Kyst

70°45′S 12°30′E / 70.750°S 12.500°E / -70.750; 12.500 Prinsesse Astrid Kyst er den delen av kysten av Dronning Maud Land som ligg mellom 5° og 20 °E, mellom Trolltunga og Sedovodden. Heile kysten består av isbremmar. Han vart oppdaga av kaptein H. Halvorsen på kvalkokeriet «New Sevilla» i mars 1931 og kalla opp etter prinsesse Astrid av Noreg.

Prinsesse Astrid Kyst
område
Land  Antarktis
Kart
Prinsesse Astrid Kyst
70°45′S 12°30′E / 70.75°S 12.5°E / -70.75; 12.5
Wikimedia Commons: Princess Astrid Coast
Prinsesse Astrid Kyst is located in Antarktis
Prinsesse Astrid Kyst
Prinsesse Astrid Kyst (Antarktis)

Utanfor Prinsesse Astrid Kyst ligg Lazarevhavet og Riiser-Larsenhavet, begge randhav i Sørishavet. Norske styresmakter har derimot definert at Kong Haakon 7 Hav strekkjer seg langs heile kysten av Dronning Maud Land, inkludert Prinsesse Astrid Kyst.

Fleire land har forskingsstasjonar i dette området.

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Prinsesse Astrid Kyst» (innhald frå Geographic Names Information System).