Prisme i geometri

Eit geometrisk prisme er ein romfigur. Prismet vert bestemt av ein mangekant (polygon) som markerer grunnflata, og eit linjestykke som markerer høgda. Grunnflata avgjer namnet til prismet, og det finst ei identisk flata på toppen av prismet. Grunnflata og toppflata i eit prisme vert kalla endeflatar. Dei flatane som ligg mellom endeflatane i eit prisme vert kalla sideflatar, og dei har form som parallellogram. Noko som er forma som eit prisme vert kalla prismatisk.

Uniformt prisme
Uniformt prisme

Dersom sideflatane står vinkelrett på endeflatane, kallar me prismet for eit rettvinkla prisme. I motsett tilfelle har me eit skeivt prisme.

Glasprisme og dei matematiske forholda med lysbryting og hellingsvinklar i prisme som ikkje er likesida er viktig del av optikken og nyttast blant anna ved framstilling av prismekikkertar og brilleglas.

Uniforme prisme endre

Nokre uniforme prisme:

     

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre