Nynorsk Wikipedia

Wikipediaprosjekt på nynorsk

Nynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverknynorsk og ein del av Wikipedia-prosjektet.

Nynorsk Wikipedia

Type nettstadWikipedia-språkutgåve, flersproglig Wikipediautgave
Tilgjengeleg pånynorsk, høgnorsk
Grunnlagd31. juli 2004
EigarWikimedia Foundation
Nettstadnn.wikipedia.org
Framsida til nynorsk Wikipedia i august 2005.

Historie endre

Nynorsk Wikipedia vart oppretta den 31. juli 2004, og har sidan den første artikkelen, om øya Sekken, produsert 168 923 artiklar. Nynorsk Wikipedia kallar seg Wikipedia – Det frie oppslagsverket.

Nynorsk Wikipedia passerte

  •  10 000 artiklar 7. august 2005 med artikkelen om forfattaren og folkeminnesamlaren Edvard Langset
  •  25 000 artiklar 11. august 2007 med artikkelen om den medfødde hjartefeilen Fallots tetrade
  •  50 000 artiklar 11. juli 2009 med artikkelen Fødsel
  •  75 000 artiklar 21. november 2011 med artikkelen om den italienske barokkmålaren Caravaggio
  • 100 000 artiklar 9. april 2013 med artikkelen om den ungarske songaren ByeAlex
  • 150 000 artiklar 14. september 2019 med artikkelen brunkinnskogtrast

Bakgrunn endre

Nynorsk Wikipedia byggjer på wikikonseptet. Det vil seie at alle som ønskjer det kan skrive nye artiklar eller endre gamle artiklar som dei ønskjer det. Med andre ord kan ein seie at Nynorsk Wikipedia er eit dugnadsprosjekt mellom fleire tusen registrerte brukarar og eit ukjent tal av uregistrerte brukarar. Heilt tilsvarande prosjekt finst på bokmål og riksmål[1] og på over 200 andre språk.

Alt oppslagsverket publiserer vert publisert under ein fri dokumentlisens. Det vil hovudsakleg seie at alt innhald i Nynorsk Wikipedia kan kopierast, distribuerast og brukast fritt; heilt utan vederlag – so lenge det går klårt fram at kjelda til informasjonen er Nynorsk Wikipedia.

Sjå òg endre

  • Wikipedia - artikkelen om fenomenet Wikipedia.
  • Kjelder til ei Nynorsk Wikipedia-historie — ei kort historie i stikkordsform som byggjer på debattar på og kring den heilt nyoppretta Nynorsk Wikipedia (mellom anna på dåverande Vannposten på Bokmålswikipediaen og på den internasjonale e-postlista).
  • Nynorsk nettleksikon - om ulike prosjekt for å laga nynorsk oppslagsverk på internett

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.