Prognose Innerdalen

Prognose Innerdalen er ein norsk dokumentarfilm frå 1981. Til liks med filmar som "Kampen om Mardøla" og "La elva leve!" handlar filmen om motstand mot vasskraftutbygging. Ordet "Prognose" i tittelen syner til styresmaktene sine prognoser, eller framskrivingar, for elektrisitetsforbruk.

Innerdalen er ein dal i Kvikne- traktene mellom Hedmark fylke og Sør-Trøndelag fylke. 1. november 1981 vart dalen lagt under vatn. Oppdemminga var ein del av Orkla-Grana kraftutbygginga.

Filmen handlar om kampen mot kraftutbygginga. Kampen lukkast ikkje, men filmen handlar om dei idealistiske naturvernarane sine ulike måtar å kjempa mot utbygginga. Dei ville redda den vakre dalen, som dei såg på som ei perle i den norske fjellheimen.