Sør-Trøndelag fylke

tidlegare fylke i Noreg
«Sør-Trøndelag» omdirigerer hit. For avisa med same namn, sjå avisa Sør-Trøndelag.
Sør-Trøndelag fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Midt-Noreg
Adm.senter Trondheim
Areal 18 856 km²
 - land 17 909 km²
 - vatn 947 km²
Folketal 318 359 (30. juni 2017)
Målform nøytral
Statsforvaltar Brit Skjelbred (konstituert)
Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap)
Fylkesnummer 16
Kart
Sør-Trøndelag fylke
63°23′ N 10°16′ E
Wikimedia Commons: Sør-Trøndelag
Nettstad: www.stfk.no

Sør-Trøndelag fylke er eit tidlegare fylke i Noreg, som utgjorde den sørlege delen av Trøndelag. Fylket grensa i sør til Hedmark og Oppland, i sørvest til Møre og Romsdal, i nord til Nord-Trøndelag og austom svenskegrensa til Jämtlands län. Største by og administrasjonssenter i fylket var Trondheim.

Fylket vart oppretta i 1804, da Trondhjems amt vart kløyvd til Nordre og Søndre Trondhjems amt. Sistnemnde endra i 1919 namn til Sør-Trøndelag fylke, som stammar frå norrønt þrǿndalǫg, av folkenamnet þrǿndr, og lǫg, 'lovområde, trønderanes lovområde'. Den siste endringa av fylkesgrensa var i 1966, da Innset sokn var ført over frå daverande Kvikne kommune i Hedmark til Rennebu kommune. Fylkesvåpenet hadde to krosslagde raude øksar som er dekt over med ein raud krosstav mot gull bakgrunn. Det er teikna etter seglet til Gaute Ivarsson, som var erkebiskop av Nidaros i 1475–1510.

27. april 2016 vart det vedteke av fylkespolitikarane i Nord- og Sør-Trøndelag at dei ønskte slå saman dei to fylka til eitt. 8. juni fekk samanslåinga ja frå Stortinget. 1. januar 2018 vart fylket slått saman med Nord-Trøndelag fylke att til Trøndelag fylke.[1][2]

Geografi endre

Selbusjøen

Sør-Trøndelag femner det meste av nedslagsfelta til Nidelv-, Gaula- og Orklavassdraget, i tillegg til Rørosdistriktet i søraust og Oppdal i sørvest, kystområda på begge sider av den ytre delen av Trondheimsfjorden og øyane utanfor med Hitra og Frøya, i tillegg til vestre del av Fosenhalvøya. Sør-Trøndelag når 30 kilometer aust for Trondheim og strekkjer seg herfrå i søraustleg retning til svenskegrensa. I nordvest grensar fylket til Norskehavet.

Den lengste elva i fylket er Orklaelva på 179 kilometer. Høgste fjell er er Storskrymten på 1985 moh., og ligg ved fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal, Oppland og Sør-Trøndelag. Selbusjøen er den største innsjøen i fylket. Dei to byane i Sør-Trøndelag er Trondheim og Brekstad.

Klima endre

Det er store klimatiske skilnadar innan Sør-Trøndelag, frå det typisk maritime i nordvest til det mest kontinentale i Sør-Noreg i søraust. Høge fjell skjermar mot aust og sør og mykje av fylket ligg ope til mot nordvest, som er den typiske vindretninga for dårleg vêr.

Dei vanlegaste vindretningane om vinteren er frå aust til sør. Den Ytre Trondheimsfjorden dannar ein utfallsport for kald luft frå landet innanfor. Kyststrøka har vind over liten kuling 10-20 % av tida og liten storm 0,5–1,0 %. Om sommaren bles vinden ved bakken som oftast frå nordvest–nordaust, gjerne kalla «havgule».

Middeltemperaturen for januar er omkring 0 °C ved kysten, frå –2 til –5 °C over låglandet og ned i kring –10 °C i indre dalstrøk i aust. Den lågaste målte minimumstemperaturen er frå –15 til –20 °C ved kysten, frå –25 til –35 °C i indre strøk og lågare enn –40 °C i dalstrøk lengst aust. Røros har kulderekord for Sør-Noreg med –50 °C. Dei varmaste månadane er juli eller august og middeltemperaturen er kring 14 °C i kystområda, og kring 10–15 °C i indre område. Det er målt 25 °C sjølv ytst på kysten, 30–35 °C i indre fjord- og dalstrøk.

Årsnedbøren varierer frå kring 1200 mm ved kysten, til 1500–2000 mm i ei maksimalsone inn mot kystnære fjell, og elles stort sett 800–1000 mm, bortsett frå enkelte minimumsområde i aust og sør. Det kjem mest nedbør om hausten og vinteren. Berre enkelte innlandsstrøk får mest nedbør om sommaren.

Det er noko sommartåke ved kysten, medan innlandet har lokal strålingståke om hausten, og det er noko frostrøyk over Trondheimsfjorden om vinteren. Tåke-årsmiddel er stort sett under 1 %.

Samferdsel endre

Frå Trondheim lufthamn, Værnes

Trondheim er knutepunkt for samferdselen i fylket og til andre delar av landet. Dovrebanen og E 6 frå Austlandet går over Oppdal–Berkåk–Støren til Trondheim og held fram med Nordlandsbanen og E 6 til Nord-Trøndelag og Nord-Noreg. Rørosbanen og fylkesveg 30 går over Røros til Støren. Trondheim har samband med tog med Østersund og Stockholm via Hell–Storlien. Frå Østerdalen går riksveg 3 over Kvikne til Ulsberg der han møter E 6. Ved Berkåk, 11 kilometer aust for Ulsberg, tek fylkesveg 700 av frå E 6 og fylgjer Orkladalen vidare til Orkanger der han møter E 39 som går austover til Trondheim. E 39 (Kristiansand–Stavanger–Bergen–Ålesund–Trondheim) går langs Vinjefjorden i Hemne austover til Orkanger og Børsa og til E 6 i Klett i Melhus, rett sør for Trondheim. Frå Oppdal går riksveg 70 vestover til Sunndalsøra og Kristiansund og frå Orkdal fylkesveg 65 via Rindal til Surnadal. Frå E 39 fører vegen fram til kysten i Agdenes, Snillfjord og Hemne. Det er tunnel under Trondheimsleia til Hitra (Hitratunnelen) og Frøya (fylkesveg 714).

Ferja Flakk–Rørvik (fylkesveg 715) knyter Fosenhalvøya til Trondheim. Fosen har også ferjesamband over ytre Trondheimsfjord, frå Brekstad i Ørland til Agdenes. Det går nytt riksvegssamband frå Røros over fjellet til Tydal og Selbu, og vidare til E 6 i Stjørdal (fylkesveg 705). Trondheim er stoppestad for Hurtigruta Bergen–Kirkenes. Det er hurtigbåtsamband frå Trondheim til fleire stader langs kysten, i tillegg til Hitra, Frøya og småøyane lenger nord.

Trondheim lufthamn, Værnes, ligg i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Elles er det lufthamn i Røros og ein militær flyplass på Ørlandet med sivile ruteanløp.

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre