Programmeringsspråket Java

objektorientert programmeringsspråk

Java er eit objektorientert programmeringsspråk utvikla i hovudsak av James Gosling og kollegaene hans på Sun Microsystems. Språket, først kalla Oak (fekk namnet frå eiketreet utanfor Gosling sitt kontor), hadde som mål å erstatte C++.

Historie endre

Java vart utvikla i 1991 av James Gosling og andre ingeniørar på Sun som ein del av det dei kalla Green Project. Etter ei mykje omtalt lansering i 1994 annonserte Netscape at dei kom til å bygge inn støtte for Java i deira nettlesar Netscape Navigator.

Oversyn endre

Programmeringsspråket Java har fire hovudmål:

  • Det skal vere objekt-orientert.
  • Det same programmet skal kunne køyre på ulike datamaskin-plattformer.
  • Det skal ha innebygd støtte for nettverk.
  • Det skal vere bygd slik at ein skal kunne køyre programkode sikkert mellom prosessar i eit nettverk.

Språket endre

Objektorientert endre

Objektorientert programmering (OO) peiker å ein metode for programmering og utforming av språket. Den grunnleggande tanken bak OO er at ulike typar data som høyrer saman blir samla i objekt med tilhøyande operasjonar. Slik blir data og kode samla i einingar kalla objekt. Eit objekt er ei samling av oppførsel (datakode) og tilstand (data). Prinsippet er at ein skil tinga som endrar seg over tid og tinga som ikkje endrar seg. Denne inndelinga i objekt gir eit meir stabilt fundament for programvareutforming. Målet er å gjere store programvareprosjekt enklare å handtere.

Plattformuavhengig endre

Å vere plattformuavhengig tyder at program skrive i språket Java må kunne køyre likt på ulik maskinvare og på ulike operativsystem. Ein skal kunne skrive programmet éin gong og køyre det overalt.

Utgåver endre

Java vert grunnleggande sett lansert i to utgåver: J2SE (standard-versjonen) og J2EE (enterprise-versjonen), der sistnemnde omfattar noko langt meir enn berre Java, eit fullstendig rammeverk for utvikling av komplekse applikasjonar.