Pronomen i grenlandsmålet
Pronomen i grenlandsmålet.
Personlege pronomen
endreInnleiing
endre- Som andre søraustlandske dialektar har grenlandsmålet nominativformer i 1sg. som tek til med j: ¹jæi ~ ¹jæː 'eg'.
- I 1pl. tek både nominativ- og oblikforma til med v: ¹viː - ¹voʃ 'vi - oss'.
- I 2pl. er nominativ- og oblikformene ulike hos eldre talarar: ¹diː 'de' - ²deːre 'dykk', men dette systemet er på veg ut, og dei fleste nyttar berre ²deːre 'de, dykk'. Hos eldre talarar står skiljet sterkast når (²)deːre elles ville førekome to gonger meir eller mindre rett etter kvarandre: ²kuːsæri deːre 'kosar de dykk?' høyrest for mange talarar betre ut enn ²kuːsæ ɖeːre deːre.
- I 3sg. og 3pl. finst eit komplisert system, mellom anna med eit viktig skilje mellom uavhengige og enklitiske former.
- Trykksterke og trykkveike former er ofte svært ulike, som i 1sg. oblik ¹mæi - ma 'meg' og 2sg. oblik ¹dæi - da 'deg'. Dei trykkveike formene med a (ma, da og sa) finst truleg berre i grenlandsmålet; andre søraustlandske dialektar har former med æ (mæ, dæ og sæ).
1. og 2. person
endreVed dei personlege pronomena i 1. person og 2. person er desse to skilja viktige:
- Trykksterke former mot trykkveike former.
- Nominativ-former mot oblike former.
Heile systemet kan setjast opp slik:
Trykksterk | Trykkveik | |||
---|---|---|---|---|
Nominativ | Oblik | Nominativ | Oblik | |
1. person singularis | ¹jæi ~ ¹jæː | ¹mæi | jæ | ma |
2. person singularis | ¹dʉː | ¹dæi | dʉ ~ rʉ | da ~ ra |
1. person pluralis | ¹viː | (¹vos); ¹voʃ | vi | (vos); voʃ |
2. person pluralis | ¹diː; ²deːre | ²deːre | di ~ ri; de:re | de:re |
Når det i éi rute står fleire former med semikolon (;) mellom, er formene føre semikolon eldre former som er på veg ut; står formene i parentes, tyder det at dei truleg har gått heilt av bruk. Når det i ei rute står fleire former med ~ mellom, er det full valfridom mellom dei i enklitisk posisjon, mens berre formene føre ~ kan nyttast elles.
Former med d~r-veksling
endreI nokre tilfelle er dei ei veksling mellom d og r fremst i ei form. Regelen for bruken av formene er slik:
- Etter verbformer som endar på r, skal formene på r- brukast, og r i verbet fell bort, som alltid føre ord som byrjar med konsonant.
- Etter verbformer som endar på vokal, kan formene på r- eller d brukast.
- I andre tilfelle skal formene på d- brukast.
Her er nokre døme, med dʉ~rʉ:
- ²çenerʉ ²uːɽa 'Kjenner du Ola?'
- ²çentedʉ eller ²çenterʉ ²uːɽa 'Kjente du Ola?'
- ¹seːrʉ ²uːɽa 'Ser du Ola?'
- ¹soːdʉ ²uːɽa eller ¹soːrʉ ²uːɽa 'Såg du Ola?'
- ¹ʃøyvdʉ ²uːɽa 'Skauv du Ola?'
3. person
endreI 3. person kjem eit anna skilje inn mellom dei trykkveike formene, i staden for nominativ mot oblik:
- Uavhengige former mot enklitiske former.
Systemet er slik:
Trykksterk | Trykkveik | |||
---|---|---|---|---|
Nominativ | Oblik | Uavhengig | Enklitisk | |
3. person singularis maskulinum | ¹han / ¹den | ²hanum; ¹han / ¹den | han / den | n |
3. person singularis femininum | ¹hʉː / ¹den | ²henær / ¹den | hʉ / den | a |
3. person singularis nøytrum | ¹deː | ¹deː | de | de ~ re |
3. person pluralis | ¹diː | ²deme ~ ¹diː | di | di ~ ri |
Når det i éi rute står fleire former med semikolon (;) mellom, er formene føre semikolon eldre former som er på veg ut. Når det i ei rute står fleire former med ~ mellom, er det full valfridom mellom dei i enklitisk posisjon, mens berre formene føre ~ kan nyttast elles. Når det i ei rute står fleire former med skråstrek (/) mellom, blir formene etter skråstreken, nærmare bestemt ¹den, den og ¹diː, nytta om hankjønns- og hokjønnsord som ikkje viser til menneske. Eldre talarar nyttar formene etter skråstreken mindre, bortsett frå ¹diː.
Ein del eldre bygdemål har noko andre former i 3sg f:
Trykksterk | Trykkveik | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Nominativ | Oblik | Uavhengig | Enklitisk | |||
Nominativ | Oblik | |||||
3. person singularis femininum | ¹huː / ¹den | ²henær / ¹den | hu / den | u | a |