Provinsen Benevento
Provinsen Benevento (italiensk Provincia di Benevento) er ein provins i regionen Campania i Italia. Hovudstaden er byen Benevento . Han har eit areal på 2 071 km² og totalt 272 318 innbyggjarar i 2020. Det er 78 kommunar i provinsen.
Benevento | |||
provins | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Campania | ||
Hovudstad | Benevento | ||
Areal | 2 070,63 km² | ||
Folketal | 272 318 (1. januar 2020)[1] | ||
Postnummer | 82010–82028, 8203 | ||
Retningsnummer | 0823, 0824 | ||
Bilnummer | BN | ||
Provinsen Benevento 41°08′00″N 14°47′00″E / 41.133333333333°N 14.783333333333°E | |||
Kart som viser Provinsen Benevento.
| |||
Wikimedia Commons: Province of Benevento |
Området som utgjer provinsen Benevento er omtrent det same som utgjorde fyrstedømet Benevento på midten og seint på 1000-talet.
Største kommunane
endreStand: 31. mai 2005
Kommune | Folketal |
---|---|
Benevento | 63 081 |
Montesarchio | 13 500 |
Sant’Agata de’ Goti | 11 508 |
San Giorgio del Sannio | 9 788 |
Airola | 7 807 |
Telese Terme | 6 210 |
Apice | 5 668 |
San Bartolomeo in Galdo | 5 521 |
Guardia Sanframondi | 5 512 |
Morcone | 5 173 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Province of Benevento» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2007.