Provinsen Girona
Girona (spansk Gerona) er ein provins heilt nordaust i Spania og den autonome regionen Catalonia. Han grensar til provinsane Barcelona og Lleida, til Middelhavet og til Frankrike.
Det bur kring 750 000 innbyggjarar i provinsen. Provinshovudstaden er Girona. Andre byar i provinsen er Figueres, Blanes, Lloret de Mar, Olot, Salt, Palafrugell og Sant Feliu de Guíxols, samt historiske byar som Banyoles, Palamós, Cadaqués, Ripoll, Camprodon og Puigcerdà.
Provinsen har 221 kommunar. Kommunen Llívia er ein eksklave i Frankrike.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Barcelona (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.