Proxima Centauri b
Proxima Centauri b eller Proxima b er ein ekstrasolar planet i bane kring Proxima Centauri, den stjerna som ligg nærast jorda. Han nyttar 11 dagar på eit krinslaup kring stjerna og ligg innanfor den levelege sona, noko som tyder at temperaturane på planeten kan vera slik at det finst flytande vatn på yta.