Prutz er ein kommune i distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 9,74 km² og har knapt 1800 ibuarar i 2016.

Prutz sett frå vest

Prutz ligg på ei elveslette ved inngangen til fjelldalen Kaunertal, 864 meter over havet. Viktigaste inntektskjeldene er turismen og eit elektrisitetsverk bygt gjennom dambygging i 1964.

Ein brann i 1903 gjorde stor skade i landsbyen.

Kjelder endre