Przybyszewski Island
Przybyszewski Island er ei isdekt øy i Marshall Archipelago. Ho ligg 3 nautiske mil (6 km) aust for Cronenwett Island i vestlege delen av Sulzberger isbrem. Øya vart kartlagd frå lufta av USS «Glacier» under kaptein Edwin A. McDonald i U.S. Navy, i 1962. Ho vart namngjeven av han etter løytnant V. A. Przybyszewski i U.S. Navy Reserve, ein helikopterpilot på «Glacier» som såg øya frå lufta den 26. januar 1962. Namnet er stundom feilstava «Prezbecheski Island» på somme kart.
Przybyszewski Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Marshall Archipelago | ||
Koordinatar | 76°58′S 148°45′W / 76.967°S 148.750°W | ||
Lengd | 22 km | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Przybyszewski Island 76°58′00″S 148°45′00″W / 76.9667°S 148.75°W | |||
Sjå òg
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Przybyszewski Island» (innhald frå Geographic Names Information System).