Psel (ukrainsk: Псeл) eller Psiol (russisk Псёл) er ei elv i Poltava og Sumy oblast i Ukraina og Belgorod og Kursk oblast i Russland. Ho er ei av sideelvane til Dnepr frå venstre og har ei lengd på 717 km. Nedslagsfeltet hennar er 22 800 km².

Psel
Psiol
elv
Psel.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Ukraine.svg Ukraina
Nedslagsfelt 22 800 km²
Lengd 717 km
Middelvassføring 55 /s
Kjelde Kursk oblast
Munning Dnepr

Psel
51°7′58″ N 36°44′52″ E
Wikimedia Commons: Psyol River

Ho spring ut frå dei søraustlege områda av Det sentralrussiske høglandet og renn vestover frå her. Om lag ved byen Sumy svingar ho sør-sørvest og over Poltavaplatået. Ho munnar ut i Dniprodzerzjynsk-reservoaret i Dnepr, mellom byene Krementsjuk og Komsomolsk.

Dei største sideelvane hennar er Sudzja, Grun, Khorol frå høgre, og Pena Grun-Tasjan og Goltva frå venstre. Elva er islagt frå november til mars.

Ved Psel ligg byane Sumy, Hadjatsj og Sjysjaky i Ukraina og Obojan i Russland.

KjelderEndra