Publius C. Clodius
italiensk politikar
Publius Clodius Pulcher (Clodius d.e.) (-92–januar -52) var ein romersk politikar, av den gjeve Clodius-ætta. Han vart plebei- og almugetribun frå 59 f.Kr.
Clodius var motstandar av Cicero, og fekk lyst han i utlegd av di han hadde avretta hjelpesmennene til Catilina utan dom. I stridane som følgde, vart Clodius myrda av Milo på Via Appia. Då folket laga «bålferda» for Clodius, vart rådhuset lagt i oske.
Kjelde
endre- Kristen Weierholt i Norsk Allkunnebok.
Litteratur
endre- W.J. Tatum, The Patrician Tribune. Publius Clodius Pulcher, Chapel Hill 1999
- L. Fezzi, Il tribuno Clodio, Roma-Bari 2008