Januar

den første månaden i juliansk og gregoriansk kalender

Januar er første månaden i den julianske og gregorianske kalenderen og har 31 dagar. Namnet kjem frå den romerske guden Janus, som var gud for all byrjing. Det romerske senatet vedtok i år 154 fvt. at januar, og ikkje mars, skal vere den første månaden i året. Romarane kalla januar for Januarius.

Illustrasjon til januar frå omlag 1490-1510.

1. januar, nyårsdagen, er offisiell heilagdag og flaggdag i Noreg.