Pulling Rabbits Out of a Hat

Pulling Rabbits Out of a Hat
Studioalbum av Sparks
Utgjeve Juni 1984
Studio Oasis Studios i Los Angeles i California
Sjanger Synth-pop[1]
Lengd 39:47
Selskap Atlantic
Produsent Ian Little
Sparks-kronologi 
In Outer Space
(1983)
Pulling Rabbits Out of a Hat Music That You Can Dance To
(1986)


Singlar frå Pulling Rabbits Out of a Hat
  1. «With All My Might»
    Utgjeve: Juni 1984
  2. «Pretending To Be Drunk»
    Utgjeve: 1984
  3. «Progress»
    Utgjeve: 1984

Pulling Rabbits Out of a Hat er det trettande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Sparks. Det kom ut i juni 1984 på Atlantic. Det vart ikkje så godt motteke og klarte ikkje å gli vidare på den kommersielle suksessen frå In Outer Space i 1983. Albumet utvikla vidare den lette synthpopen på In Outer Space, men med noko mørkare tekstar kring favoritttemaet til Ron Mael: kjærleiksforhold.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]

Utgjeving endre

Pulling Rabbits Out of a Hat gjekk ikkje inn på albumlista i USA trass i at det førre albumet deira In Outer Space hadde vore ganske populært der i 1983. I Storbritannia, der gruppa ikkje hadde hatt eit album på lista sidan 1979, selde albumet heller ikkje bra.

Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet. Den første singelen «With All My Might» nådde 104. plassen på Bubbling Under Hot 100 Singles-lista og 28. plassen på Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista.[2] Dei to andre singlane var «Pretending To Be Drunk» og «Progress», som vart forlenga, remiksa og gjevne ut som club-promoar.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Pulling Rabbits Out of a Hat»4:07
2.«Love Scenes»4:20
3.«Pretending to Be Drunk»3:38
4.«Progress»4:43
5.«With All My Might»4:06
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Sparks in the Dark (Part One)»0:28
7.«Everybody Move»2:58
8.«A Song That Sings Itself»4:29
9.«Sisters»3:53
10.«Kiss Me Quick»4:07
11.«Sparks in the Dark (Part Two)»2:58
Bonusspor på Repertoire Records-utgåva (2013)
Nr.TittelLengd
12.«Sparks in the Dark» (lengre Club Mix)3:57
13.«Pretending to Be Drunk» (lengre versjon)5:39
14.«Progress» (lengre Club Mix)6:15
15.«With All My Might» (lengre Club Mix)6:40
16.«Kiss Me Quick» (lengre versjon)5:39

Medverkande endre

Teknisk
  • Produsent – Ian Little
  • Miksa av – Brian Reeves, Dave Bianco, Mick Guzauski
  • Lydteknikar – Steve Bates

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Allmusic review
  2. «Allmusic – Billboard Singles – Sparks». Billboard. Henta 22. september 2009.