Puruvesi er ein innsjø aust i Finland. Han er ein del av kommunane Kerimäki, Kesälax og Punkaharju. Innsjøen er kjend for det reine og klåre vatnet, og vert rekna som den sjuande reinaste innsjøen på planeten. Innsjøen har derfor svært god sikt for å vere ein finsk innsjø, og ein kan lett sjå opp til 10 meter ned frå overflata på rolege dagar med sol. Pihlajavesi, ein del av innsjøsystemet Saimaa, grensar til Puruvesi i sør.

Puruvesi
innsjø
Land  Finland
Areal 420 km²
Koordinatar 61°50′N 29°27′E
Kart
Puruvesi
61°50′00″N 29°27′00″E / 61.833333333333°N 29.45°E / 61.833333333333; 29.45
Wikimedia Commons: Puruvesi