Putelava er lavaer som inneheld karakteristiske puteforma strukturar. Slike puter blir vanlegvis danna ved avkjøling av lava under vatn og er kjend frå midthavsryggane og andre magmatiske miljø. Putelavaer i vulkanske bergartar er karakteriserte av tjukke sekvensar av diskontinuerlege puteforma massar, vanlegvis opp til ein meter i diameter. Dei dannar den øvre delen av «lag 2» av normal havskorpe.

Nyleg danna putelava utafor Hawaii
Tverrsnitt av putelava nær Oamaru i New Zealand

Putelava finst i fleire ofiolittar som til dømes i Trondheimsfeltet, Bergensbogane og på Bømlo.

Kjelder endre

  • Selbekk, Rune S.. (11. mars 2012). Putelava. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/putelava.

Bakgrunnsstoff endre