Pýlos

(Omdirigert frå Pylos)
Pýlos
Lokalt namn Πύλος

Pýlosbukta
Geografi
Pýlos is located in Hellas
Pýlos (Hellas)
Stad Peloponnes
Koordinatar 36°55′N 21°42′E / 36.917°N 21.700°E / 36.917; 21.700

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Peloponnes
Messinía
Pýlos-Néstoras
Hovudsete Pýlos (2 345 innb.)
Demografi
Folketal 5 287 (2011[1])

Pýlos (gresk Πύλος), historisk kjend under det italienske namnet Navarino, er ein by og tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Sidan 2011 har han vore ei kommunaleining i kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes, der han er hovudsete.

Pýlos var før administrasjonsstad for den tidlegare provinsen Pylía. Nærliggande landsbyar er mellom andre Jálova, Eleófyto, Skhinólakka og Paleónero.

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Pýlos 5 287 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 2 345 innbyggjarar.[1]

Pýlos er ein viktig arkeologisk stad på vestkysten av Peloponnes. Pýlos frå bronsealderen vart først graven ut av Carl Blegen i 1952. Denne staden ligg ved den moderne Áno Eglianós om lag 9 km nordaust for bukta. Blegen kalla restane etter eit stor mykensk palass der det såkalla «Nestorpalasset» etter den homerske herskaren Nestor, som styrte over «sandete Pýlos» i Iliaden. Pýlos vart fråflytta ei stund etter 700-talet fvt. og er stort sett ukjend i antikken.[2]

Referansar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre