Pyntegrønt er greinar og bar av grøne vekster, bruka til dekorasjonar. Ein skil gjerne mellom klippegrønt, som vert bruka om bar av gran, furu, edelgran eller sypressar, og snittgrønt, som vert bruka om kristtorn og finare dekorgrønt til bukettar. Anna naturmateriale, som mose og lav, kan også klassifiserast som pyntegrønt. Det er vanleg å skilje mellom juletre og pyntegrønt, men per definisjon kan også juletre kallast for pyntegrønt. Sjølv om ein held juletre utanfor statistikken, er jula toppsesong for pyntegrønt.

Kristtorn ved dyrka for produksjon av snittgrønt

Til klippegrønt høver bar av edegran best, sidan det har ei frisk lukt, og sidan nålene sit fast sjølv om baret tørkar.

Kjelder

endre