Qarmaq
Qarmaq (inuktitut, fleirtal qarmat)[1] er ein type eittromsbustad brukt av inuittar i mellomårstidene.[2] For sentral-inuittar frå Nord-Canada viser det til ein hybrid av telt og iglo, eller telt og torvhus. For kalaallitar frå Grønland viser qarmaq til veggane i bustaden.[3] Ein bygde desse bustadane om våren og hausten. Dei har eit rundt grunnplan. Alt etter årstid bygde ein underdelen av snøblokker, torv eller stein, reisverket av bein og øverdelen av skinn eller lerret.[4][5]
Historie
endreQarmaqar blei brukte så tidlig som av Thule-kulturen, hovudsakleg i den kalde årstida. Om vinteren budde dei også i iglo, særleg under reiser, men ein føretrekte qarmaq når det var mogleg. Bustadtypen blei brukt av inuittar fram til 1950-talet.
Bygging
endreÅ finna den rette staden å reisa ein qarmaq på omfatta ei forståing av den geologiske utforminga av eit område i høve til vêrtilhøva. Menn, kvinner og barn var med på bygginga.[6]
- Snøqarmaq
Menn samla og sette saman steinblokker og rammeverk. I mangel av tømmer var rammeverket vanlegvis laga av bein, gjerne kvalbein. Kvinner og barn samla tundramose til å tetta sprekker, og preparerte skinn for taktekking og ytterkleding. Etter at vintersnøen kom, brukte mennene lange kniver til å skjera opp snøblokker, og plasserte dei i ei utoverstilt stilling for å gje meir vern. Om det ytre dekselet blei øydelagt av vêret eller av dyr som ulv eller rev, lappa kvinnene det, ofte med numne fingre i den iskalde og biande vinden.[7]
- Torvqarmaq
Sommertelta, som var enkle å transportere, blei erstatta av torvqarmaq om hausten.[8]
Innreiing
endreQarmaqar blei varma og lyste opp av ein seloljelampe eller qulliq. Soveområdet var noko opphøgd, og polstra med karibupelsar.
Kjelder
endre- ↑ Henshaw, Anne Stevens (2000). Central Inuit household economies: zooarchaeological, environmental, and historical evidence from outer Frobisher Bay, Baffin Island, Canada. Archaeopress. s. 10. ISBN 978-1-84171-073-0. Henta 28. august 2011.
- ↑ Nabokov, Peter; Easton, Robert (1989). Native American architecture. Oxford University Press US. s. 201, 425–. ISBN 978-0-19-503781-4. Henta 28. august 2011.
- ↑ Denmark. Kommissionen for videnskabelige undersøgelser i Grønland (1891). Meddelelser om Grønland (Now in the public domain. utg.). C. A. Reitzels Forlag. s. 72–. Henta 28 August 2011.
- ↑ Stern, Pamela R. (2004). Historical dictionary of the Inuit (Print). Lanham, Md: Scarecrow Press. s. 129–. ISBN 978-0-8108-5058-3. Henta 28 August 2011.
- ↑ Barrett, Carole A.; Markowitz, Harvey (May 2004). American Indian Culture: Acorns-Headdresses. Salem Press. s. 38. ISBN 978-1-58765-193-9. Henta 28 August 2011.
- ↑ Wilson, Pamela; Stewart, Michelle (January 2008). Global indigenous media: cultures, poetics, and politics. Duke University Press. s. 83–. ISBN 978-0-8223-4308-0. Henta 28 August 2011.
- ↑ Walk, Ansgar (1998). Kenojuak : Lebensgeschichte einer bedeutenden Inuit-Künstlerin (på tysk). Bielefeld Pendragon-Verl. ISBN 3-929096-61-7.
- ↑ Ehrlich, Gretel (20 April 2010). In the Empire of Ice: Encounters in a Changing Landscape. National Geographic Books. s. 158–. ISBN 978-1-4262-0574-3. Henta 28 August 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Qarmaq» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2022.