Qohir Rasulzoda
Qohir Rasulzoda (tadsjikisk skrift Қоҳир Расулзода, fødd 8. mars 1961), også skrive Kokhir Rasulzoda, er ein tadsjikisk politikar som har vore statsminister i Tadsjikistan sidan 23. november 2013. Han er medlem av Det folkedemokratiske partiet i Tadsjikistan som er det største partiet i landet og som blir leia av landets president Emomalii Rahmon.
Qohir Rasulzoda | |||
| |||
Fødd | Abduqohir Abdurasulovitsj Nazirov Абдуқоҳир Абдурасулович Назиров 8. mars 1961 (63 år) Khistevarz | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tadsjikistan | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Agricultural University of Tajikistan Det russiske akademi for statstjeneste | ||
Alle verv |
Politisk bakgrunn
endreFødenamnet hans er Abduqohir Abdurasulovitsj Nazirov. Han blei fødd i 1961[1][2] i Khistevarz i Ghafurov-distriktet, Sughd-regionen i den dåverande tadsjikiske sosialistiske sovjetrepublikken. I 1982 blei han uteksaminert frå Agricultural University of Tajikistan som hydraulikkingeniør. I 2008 tok han eksamen i teknisk vitskap ved Russian Presidential Academy of National Economy and Public Administration i Moskva.
Frå januar 2000 til desember 2006 var Rasulzoda minister for utvikling og vassressursar i Tadsjikistan. 2. desember 2006 tok han over som fungerande leiar i Sughd-provinsen, ei stilling som blei gjord permanent frå 27. februar 2007. I mai 2007 endra han namnet sitt til Qohir Rasulzoda.[3][4]
I desember 2007 og i april 2010 blei Rasulzoda vald til fyrste varaformann i den tadsjikiske nasjonalforsamlinga (Majlisi Milli).
23. november 2013 blei Rasulzoda utpeikt til statsminister i Tadsjikistan og han etterfølgde då Oqil Oqilov, som då hadde vore statsminister sidan 1999.[5][6][7]
Statsministerposten i Tadsjikistan er ei reint teknisk stilling. Formelt er det presidenten som er regjeringssjef.[7]
Galleri
endre-
Rasulzoda og Ilham Aliyev i 2014
-
Rasulzoda og Vladimir Putin i 2017
Kjelder
endre- ↑ «Tajikistan». WorldStatesmen.org. Henta 26. februar 2024.
- ↑ «Tajikistan». Rulers.org. Henta 26. februar 2024.
- ↑ «Президент Таджикистана сменил фамилию и подкорректировал имя». world.segodnya.ua. 11. juli 2022.
- ↑ Najibullah, Farangis (2. februar 2012). «Name Debate Reflects Region's Mixed History». Radio Free Europe/Radio Liberty.
- ↑ «Премьером Таджикистана назначен Кохир Расулзада». vesti.ru.
- ↑ «Указ Президента Республики Таджикистан о назначении Кохира Расулзода Премьер-министром Республики Таджикистан | Президенти Тоҷикистон - President of Tajikistan - Президент Таджикистана - رئيس جمهورية تاجيكستان». www.president.tj.
- ↑ 7,0 7,1 «Longtime Tajik Prime Minister Dismissed». Radio Free Europe/Radio Liberty. 23. november 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Kokhir Rasulzoda» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2024.