Ҷумҳурии Тоҷикистон
(Dzjumhurii Todzjikiston, 'Republikken Tadsjikistan')

(norsk: Tadsjikistan, tadsjikisk)

Det tadsjikiske flagget Det tadsjikiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Surudi milli»
Geografisk plassering av Tadsjikistan
Offisielle språk Tadsjikisk
Hovudstad Dusjanbe
Styresett
Republikk
Emomalii Rahmon
Kokhir Rasulzoda
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
143 100 km² (95.)
0,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
8 468 555 (95.)
59,2 /km² (121.)
Sjølvstende
frå Sovjetunionen
9. september 1991
Nasjonaldag 9. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
23 300 mill. USD (135.)
USD (.)
Valuta Somoni
Tidssone UTC +5
Telefonkode +992
Toppnivådomene .tj


Tadsjikistan er ein sjølvstendig stat i Sentral-Asia. Det grensar til Kirgisistan i nord, Kina i aust, Afghanistan i sør og Usbekistan i vest. Landet var tidlegare del av Sovjetunionen, og vart sjølvstendig då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991. Etter sjølvstendet vart landet på 1990-talet herja av borgarkrig, fram til ein fredsavtale vart underskriven i 1997.

Kart over Tadsjikistan.

Klima endre

Tadsjikistan har eit utprega kontinentalt klima, men med store høgdevariasjonar. Om lag halvparten av landet ligg over 3000 meter over havet, og desse områda er tørre. Sidan Himalaya og Tibetplatået hindrar den indiske monsunen i å strøyme inn over landet, får desse fjellområda det meste av snøen sin frå svake lågtrykk som kjem frå vest. I Pamirfjella kan snøgrensa stige til 5000 m om sommaren. Årsnedbøren er 150-250 mm, men enkelte stader i fjella 800-1500 mm, som stort sett fell som snø.

Ein kan få opp til 20 cm snø enkelte stader i fjella om vinteren, og temperaturen kan av og til bli farleg låg. Temperaturane er derimot litt høgare i låglandet både om vinteren og sommaren. Juli har middeltemperaturar kring 27-30 °C, i januar -1 til -2 °C i dalføra og -20 °C i fjellområda. Av og til kan temperaturen bli så høg som 47 °C i låglandet på grunn av ein lokal austleg vind kalla harmsil.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tadsjikistan
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.