Quencher
Quencher er ei sambinding som har evna til å overta molekylær eller atomær svingings-, strålings- eller ladingsenergi, og slik hindre at slik energi fører til vidare prosessar. Quencherar kan til dømes opptre som forstyrrande forureiningar ved scintillasjonsteljing, eller dei kan med hensikt tilsettast gassen i Geiger–Müller-teljarar for å gje reinare teljing. Visse antioksidantar mot fotokjemisk oksidasjon og aldring hos plast og gummi inneheld quencherar som overtar den absorberte lysenergien frå atomgrupper som har absorbert han, før han rekkjer å starte skadelege, kjemiske reaksjonar i materialet.
Kjelder
endre- «quencher» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 23. februar 2012.