30°21′N 67°01′E / 30.350°N 67.017°E / 30.350; 67.017

Quetta
urdu کوئٹہ‎, pasjto کوټه‎, balutsji کویته
by
Land  Pakistan
Region Balutsjistan
Areal 265,300 km²
Folketal 734 000  (2005)
Uttale
Kart
Quetta
30°11′31″N 67°00′25″E / 30.192°N 67.007°E / 30.192; 67.007
Wikimedia Commons: Quetta

Quetta er provinshovudstad i Balutsjistan i Pakistan. Byen ligg rundt 1700 moh. og har 734 000 innbyggjarar (2005).

70 % av innbyggjarane er pathanarar, elles er dei største folkegruppene balutsjar, brahuiar og hazaraer.

Quetta ligg strategisk plassert på vegen mellom Afghanistan og Indusdalen over Bolanpasset. Han er ca. 600 km nord for Karachi.

Byen er ein viktig militærstasjon. Han har også mykje handelsverksemd. Det finst fleire basarar her der ein sel kunsthandverk som broderi og onyxarbeider. Quetta har også tekstil- og næringsmiddelindustriar.

Universitetet i byen blei skipa i 1970.

Quetta ligg i eit jordskjelvutsett område. I 1935 døydde omlag 35 000 menneske her etter eit jordskjelv som målte 7,5 på Richters skala. Eit jordskjelv med styrke 6,4 ramma området rundt byen i oktober 2008; fleire hundre omkom.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre