Rånetto er eit foretaksøkonomisk omgrep som blir brukt i skogbruket som uttrykk for bruttoinntekt med frådrag av driftsavhengige kostnader bortsett frå kostnader til skogkultur. I dei driftsavhengige kostnadene inngår alle arbeidskostnadar, både eige og leigd arbeid, leige og vedlikehald av utstyr, drivstoff, salskostnader o.l. Derimot reknar ein ikkje med faste kostnader eller avskrivingar på eige utstyr.

Rånetto minner om dekningsbidrag, men i dekningsbidraget inngår ikkje kostnader ved løn til eige arbeid.

Kjelder endre