Rønnaug Eliassen
Rønnaug Eliassen (24. oktober 1911–19. januar 2014) var ein norsk advokat kjent for engasjementet sitt i norsk kvinnekamp. Eliassen vaks opp i eit borgerleg, intellektuelt miljø i Oslo og tok juridisk embetseksamen så tidleg som i 1937.[1] Etter krigen var ho ei tid domarfullmektig i Midthordland, men blei etter kvart privatpraktiserande advokat med rettar av kvinner som spesialfelt.
Rønnaug Eliassen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. oktober 1911 |
Død |
19. januar 2014 (102 år) |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Georg Eliassen |
Ektefelle | Torolv Solheim |
Eliassen engasjerte seg i Sosialistisk Folkeparti og var blant mykje annet medlem i Porsgrunn bystyre, Norsk kvinneforbund og Internasjonal kvinneliga for fred og fridom.[1] Ho stod bak omsetjing av Simone de Beauvoirs Det annet kjønn i 1970. Ho var med i redaksjonsrådet til tidsskriftet Kvinnen og Tiden.[2]
Eliassen var dotter av arkitekten Georg Eliassen, bror av meteorologen Arnt Eliassen og mor til Jorun Solheim. Ho døydde i januar 2014, 102 år gamal.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Torill Skard: «Protesterte klart og kvast», i Klassekampen 24. oktober 2011.
- ↑ 2,0 2,1 Aurora Hannisdal (23. januar 2014). «To legender er borte». Ny tid. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 4. februar 2014.