Simone de Beauvoir

Simone de Beauvoir (9. januar 190814. april 1986) var ein fransk forfattar, feminist og filosof. Det er vanleg å kalla filosofien hennar ei blanding av ateistisk eksistensialisme og fenomenologi, og han handlar i stor grad om etikk og korleis ein skal forhalda seg til medmenneskja sine. Det best kjende verket hennar er Le Deuxième Sexe (Det annet kjønn), skrive 1949-50, som er ein klassisk tekst innan feminismen.

Simone de Beauvoir

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. januar 1908
Paris, 6. arrondissement
Død

14. april 1986 (78 år)
14. arrondissement, Paris

Yrke politisk filosof, journalist, romanforfattar, sjølvbiograf, essayist, politisk aktivist, dagbokskrivar, kvinnelig brevskriver, filosof, litteraturkritikar, skribent, forfattar, feminist, filiosofilærer
Språk fransk
Medlem av comité de lecture des éditions Gallimard
Religion ateisme
Ektefelle ingen verdi
Partnar Jean-Paul Sartre, Claude Lanzmann, Nelson Algren
Simone de Beauvoir på Commons
Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir

Liv endre

Simone Lucie-Ernestine-Marie-Bertrand de Beauvoir var fødd i Paris. Ho studerte filosofiSorbonne-universitetet frå 1927 til 1929, der ho berre 21 år gammal, og såleis som den yngste nokon gong, bestod den konkurranseprega agrégation-eksamenen. Her blei ho nr. to – berre overgått av Jean-Paul Sartre, som gjekk på same skule (det var likevel hans andre forsøk på den eksamenen).

Karriere endre

Etter tida på Sorbonne underviste Simone de Beauvoir på forskjellige gymnas i Marseille og Rouen, og i 1943 fekk ho fast tilsetjing på Lycée Molière i Paris. Simone de Beauvoir forlet likevel filosofiundervisninga same året, da den første romanen hennar, L'invitée, kom ut, og frå da av bruka ho tida si til å skrive.

Simone de Beauvoir slutta seg tidleg til eksistensialismen, mens ho i forhold til feminisme sjølv har sagt at ho ikkje hadde noko med han å gjere før i 1946, da arbeidet med eit av dei sentrale verka hennar, Le deuxième sexe (1949), tok til. I mange år etter utgjevinga understreka Simone de Beauvoir på det kraftigaste sin analytiske tilgang til emnet, som ikkje måtte forvekslast med ein reint feministisk inngangsvinkel. Først 10 år etter utgjevinga erklærte Simone de Beauvoir seg offentleg som feminist, og ho vart ein aktiv figur i Mouvement de Libération des Femmes — den franske kvinnerørsla i 1960-åra og 1970-åra. I den samanhengen kan innsatsen hennar i kampen for retten til sjølvvald abort framhevast.

Le Deuxième Sexe endre

Le Deuxième Sexe (omsett til bokmål : Det annet kjønn)) vart utgjeven i Paris i 1949 og vert rekna som ei av dei viktigaste feministiske bøkene.

I Le Deuxième Sexe utviklar de Beauvoir ein moderne kvinne- og kjønnssteori, med basis i eksistensialistisk etikk og ontologi. Desse teoriane byggjer på idéane til den tyske filosofen Georg Wilhelm Friedrich Hegel og teoriane hans om forholdet mellom herre og knekt.

Lensherren og vasallen endre

I boka samanliknar De Beauvoir kvinna med ein vasall, underlagt ein lensherre (mannen). Vasallen gjev avkall på eigen fridom mot tryggleik og blir fråteken ansvaret for å styre eige liv. Lensherren vernar vasallen mot ytre farar og gjev økonomisk tryggleik. Makta lensherren har over vasallen hindrar ho i å treffe val og gjer at vasallen ikkje treng å setje eigne mål.

Den mannlege samfunnsordenen sørgjer for at kvinner ikkje kan gjere noko med dette avhengighetsforholdet. Det nødvendige samarbeidet om oppgåver som heim og born gjer at kvinna ikkje kan bryte ut av undertrykkinga, men må underordnast «patriarkatets samfunnsorden og verdiar». Kvinner kan difor ikkje som andre undertrykte grupper utan vidare bryte banda til undertrykkaren.

Simone de Beauvoir hevdar at det ikkje er noko naturbestemt over dette misforholdet mellom kvinner og menn, men heller at det er kulturelle forhold som ligg til grunn. Om dei to partane vil anerkjenne kvarandre som likeverdige og sjølvstendige subjekt, kan denne maktkampen slutte.

Frå denne boka stammar det mest kjente sitatet hennar: «Ein er ikkje fødd som kvinne, ein blir det.»

Forholdet til Sartre endre

 
Simone de Beauvoir, Jean-Paul Sartre og Che Guevara på Cuba i 1960

Etter allereie eitt år på Sorbonne møtte Simone de Beauvoir Jean-Paul Sartre. Dei to forfattarane fekk avgjerande innverknad på kvarandre sitt liv og tankar og var sterkt knytte til kvarandre til Sartre sin død i 1980. Simone de Beauvoir og Jean-Paul Sartre var begge ateistar, eksistensialistar og tilhengarar av eit fritt kjærleiksforhold. Desse tre elementa var utgangspunktet for deira felles tilvære, og dei viste omverda ein for den tida ny måte som forholdet mellom kvinne og mann kunne vere på.

Bøker av Simone de Beauvoir endre

  • 1943 : L'Invitée, roman. Norsk utgåve Gjesten, 2006 ISBN 978-82-530-3210-8
  • 1945 : Le Sang des autres, roman
  • 1945 : Les Bouches inutiles, pièce de théâtre
  • 1946 : Tous les hommes sont mortels, roman
  • 1947 : Pour une morale de l'ambiguïté, essai. Norsk utgåve Pyrrhos og Cineas ; Tvetydighetens etikk, 2009 ISBN 978-82-530-3100-2
  • 1948 : L'Amérique au jour le jour, récit. Norsk utgåve Amerika fra dag til dag, 2005 ISBN 82-530-2898-9 ; ISBN 82-530-2750-8
  • 1949 : Le Deuxième Sexe, essai philosophique. Norsk utgåve Det annet kjønn, ISBN 82-525-6048-2 ; ISBN 978-82-530-2302-1
  • 1954 : Les Mandarins, roman. Norsk utgåve Mandarinene, ISBN 82-530-2084-8 ; ISBN 82-7350-513-8
  • 1955 : Privilèges, essai
  • 1957 : La Longue Marche, essai
  • 1958 : Mémoires d'une jeune fille rangée, récit autobiographique. Norsk utgåve En veloppdragen ung pikes erindringer, ISBN 82-530-1954-8
  • 1960 : La Force de l'âge, récit autobiographique. Norsk utgåve Moden alder, 2004. ISBN 82-530-2610-2
  • 1963 : La Force des choses, récit
  • 1964 : Une mort très douce, récit autobiographique. Norsk utgåve En lett og rolig død, ISBN 82-560-1228-5
  • 1966 : Les Belles Images, roman. Norsk utgåve Når masken faller, ISBN 82-05-22341-6
  • 1967 : La Femme rompue, nouvelles
  • 1970 : La Vieillesse, essai
  • 1972 : Tout compte fait, récit autobiographique
  • 1979 : Quand prime le spirituel, roman
  • 1981 : La Cérémonie des adieux suivi de Entretiens avec Jean-Paul Sartre : août - septembre 1974, récit autobiographique

Simone de Beauvoirs etterlatte skrifter endre

Sylvie Le Bon de Beauvoir, adoptivdotter og arving til Simone de Beauvoirs verk, har omsett, kommentert og utgjeve mykje av det hennar adoptivmor har skrive og ikkje sjølv publisert, særleg brevvekslinga med Sartre, Bost og Algren. Materialet gjev innsyn i Simone de Beauvoirs intime liv, som til dømes hennar biseksualitet, og i tilhøvet til nokre av hennar næraste.

  • Lettres à Sartre, tome I : 1930-1939, 1990
  • Lettres à Sartre, tome II : 1940-1963, 1990
  • Journal de guerre, septembre 1939 - janvier 1941, 1990
  • Lettres à Nelson Algren, traduction de l'anglais par Sylvie Le Bon, 1997
  • Correspondance croisée avec Jacques-Laurent Bost, 2004
  • Cahiers de jeunesse, 1926-1930, 2008

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre