Bevegeleg eller rørleg merkedag er ein merkedag eller heilagdag som fell på ulike datoar frå eit år til eit anna. Fleire kristne høgtider rører seg på denne måten, som påskedag og alle merkedagane som er avhengige av denne.[1]

Påskedag blir fastlagd etter påskeformelen, og er som regel den første søndagen etter første fullmåne etter 21. mars. Oskeonsdag er den 46. dagen før påskedag. Kristi himmelfartsdag er den 40. dagen etter påskedag og pinsedag er den 50. dagen etter påskedag.

Nokre merkedagar skal falla på ein viss vekedag, og er dermed rørlege. Helgemesse er til dømes lagd til første søndag i november, medan første søndag i advent er den søndagen som ligg nærast 30. november.

Mange andre merkedagar ligg fast i høve til kalenderen, og blir markerte på same dato kvart år. I nokre høve kan ein også flytta på fastlagde merkedagar for at dei ikkje skal falla saman med ein viktigare bevegeleg merkedag. I den armenske apostoliske kyrkja finst eit uvanelg døme på ein rørleg helgendag, ettersom markeringa for Sargis generalen fell på den 63. dagen før påske.

Religionar med eigne kalendrar kan også ha merkedagar som flytter seg i høve til den gregorianske kalenderen, men desse ligg som regel fast i høve til sin kalender.

Betaling for arbeid på bevegelege helligdager

endre

I Noreg finst inga lovpålagd minsteløn, og loven regulerer dermed ikkje ulike former for «helilagdagsgodtgjering» og liknande. All løn må vera avtalt, anten i arbeidskontrakt eller tariffavtale. Normalt blir det ikkje gjeve løn for dagar ein ikkje arbeider på. Dei fleste tariffavtaler har likevel eigne reglar for godtgjering ved bevegelege heilagdagar. I verksemder med tariffavtale vil tilsette såleis få løn eller ekstra godtgjering for arbeid i månader med mange bevegelege heilagdagar.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. John Ayto Oxford Dictionary of English Idioms 2010 p123 019954378X "a movable feast an event which takes place at no regular time. In a religious context a movable feast is a feast day (especially Easter Day and the other Christian holy days whose dates are related to it) which does not occur on the same calendar date each year."